Russia is waging a disgraceful war on Ukraine.     Σταθείτε με την Ουκρανία!
  • Glittertind

    Mellom bakkar og berg • Mellom Bakkar Og Berg (2002)

    Άλλες εκτελέσεις :: KEiiNO
Μερίδιο
Μέγεθος γραμματοσειράς
Πρωτότυποι στίχοι

στίχοι Mellom bakkar og berg

Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv heve tuftene grave
Og set sjølv sine hus oppå deim
 
Han såg ut på dei steinute strender
Det var ingen som der hadde bygt
"Lat oss rydja og byggja oss grender
Og så eiga me rudningen trygt"
 
Han såg ut på det bårute havet
Der var ruskut å leggja utpå
Men der leikade fisk nedi kavet
Og den leiken den ville han sjå
 
Fram på vetteren stundom han tenkte:
"Gjev eg var eit varmare land!"
Men når vårsol I bakkane blenkte
Fekk han hug till si heimlege strand
 
Og når liene grønkar som hagar
Når det laver av blommar på strå
Og når netter er ljose som dagar
Kan han ingen stad venare sjå
 
Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv heve tuftene grave
Og set sjølv sine hus oppå deim
 

 

Μεταφράσεις του τραγουδιού ''Mellom bakkar og ...''
Glittertind: Κορυφαία 3
Σχόλια