Liti Kjersti ho var seg so lite eit viv,
- brunfolen rinner lett -,
ho kunde 'kje råda sitt unge liv.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Bergekongen kom seg ridand' i gård
- Brunfolen rinner lett -
Pål gullsmed ute for honom står.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Bergekongen ha' seg ein gangare spak,
- Brunfolen rinner lett -
Han sette liti Kjersti på hans bak.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
So reid dei berget tri gonger ikring,
- Brunfolen løyper lett -
Og berget det opnast so dei kom der inn.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Dei gav henne drikke av raude gullhorn,
- Brunfolen rinner lett -
Dei slepte der nedi tri villarkorn.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Den tridje drykken liti Kjersti ho drakk,
- Brunfolen rinner lett -
Dei kristne landi ho aldri mer gat.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
"Kvar er du fødd, og kvar er du bori?
- Brunfolen rinner lett -
Kvar er dine jomfruklæde skorne?''
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
I berget vil eg leva, og der vil eg døy.
- Brunfolen rinner lett -
"Og der er eg kongens festarmøy.''
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
Another version of this song using different verses from the original full text :
http://lyricstranslate.com/en/liti-kjersti-little-kjersti.html