Dei Tvo Systrar

Norvegese

Dei Tvo Systrar

Syster tala til syster så:
- Ved sande -
"Me vil okkon til Sjoar-å"
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Den yngste sette seg på ein stein,
- Ved sande -
den eldste skuva ho ut fyr mein.
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

"Ligg du der og få du skam,
- Ved sande -
no vil eg hava din festarmann."
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Der gjekk to pilgrimar ut med å,
- Ved sande -
dei såg det likjet på sanden låg.
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Dei toke hennar kvite kropp,
- Ved sande -
der gjorde dei av ein horpestokk.
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Så reiste dei til bryllaups gård,
- Ved sande -
så for dei til på horpa slå.
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Horpa slo det fysste,
- Ved sande -
"Bruri ho var mi syster."
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Horpa slo det are:
- Ved sande -
"Bruri ho var min bane."
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Horpa slo det tre'e:
- Ved sande -
"Brudgomen var min bele."
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Mælte bruri raud som blod:
- Ved sande -
"Hav ut den horpa ho gjere uljod!"
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Svara brudgomen bleik som bast:
- Ved sande -
"Slå meir på horpa og slå vel fast!"
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Horpa slo det fjorde:
- Ved sande -
"Bruri ho meg forgjorde."
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Bruri tro på spilemanns tå:
- Ved sande -
"De slå den horpa i stykkje små!"
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Tok dei horpa og slo imot jord,
- Ved sande -
så blei derav ei jomfru god.
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Brudgomen heitar på sveinar två:
- Ved sande -
"De gangje åt skogen og hogge bål."
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Blea or og blea eik
- Ved sande -
blea den veden som brenner heit."
- Båra bere så vent eit viv ifrå lande.

Commenti fatti