Daze (إلى النرويجية ترجم)

إلى النرويجية ترجمالنرويجية
A A

Trefelts

Køyrer nedover motorvegen, meister til ljosfarten
Skrik opp i lufta, fyk gjennom natta
Ingen kvile, eg har vore her for lengje, det er på tide å gå vidare
 
Røyndomen er ein tredelt veg, ein definert bakgrunn
Innan i morgon kalla eit mysterium og fortida berre uklåre liner
Om der nokon gong er nokon urett i mitt namn, so bøygjer eg meg for klaga
 
Og på denne måten kan du gje meg alt eg treng
Vi vil elska til soloppgang
 
Setja fyr på verdi med bittersøt lidenskap
Å jaga bort natta, la heile verda brenna
Setja fyr på verdi for lukke i søt neitting, gløymsle og fred
Lèt du meg brenna?
 
Drivande som ein avkasta, skuggane har det fint
Med faste fylgesveinar, kunne eg berre
Lenger unna tek fienden min på stylter innpå meg
 
So eg kryp over grensa, til eit anna tilværesplan
Held fast for harde livet til mine beste dagar
Lengtar etter hugnaden i dei kjærlege armane dine, lidenskapane dine, sjarmen din
 
På denne måten kan du gi meg alt eg treng...
 
Setja fyr på verdi...
 
Har du nokon gong følt din kjærleik formørka sola
Eg gjev deg grunnen til at eg fortsatt er på rømmen
Kverv i det tunge neonlyset
 
Setja fyr på verdi...
 
تم نشره بواسطة honestglothonestglot في الثلاثاء, 01/09/2015 - 20:43
Added in reply to request by HramkoHramko
الإنكليزيةالإنكليزية

Daze

التعليقات