Please translate Den dag kjem aldri

Νορβηγικά

Den dag kjem aldri

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer
for om eg søver, eg om deg drøymer
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er

Du leikar kringom meg der eg vankar
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si

Når vinden lint uti lauvet ruslar
eg trur det er du som gjeng der og tuslar
Når somt der borte eg ser seg snu
eg kvekk og trur det må vera du

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
Det er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
I song og fløyte og felelåt,
men endå best i min eigen gråt

Σχόλια συντάκτη:

Based on the poem of the same name by Aasmund Olavsson Vinje: https://nn.wikipedia.org/wiki/Den_dag_kjem_aldri

Λοιπές μεταφράσεις του "Den dag kjem aldri"
Σχόλια