Russia is waging a disgraceful war on Ukraine.     Stand With Ukraine!
  • Harald Foss

    Håkon den gode

Share
Font size
Original lyrics

Håkon den gode lyrics

Vikingånd og fregdardåd um det er denna songen
Ut av Stord har detta hendt og Håkon han var kongen
Kongen satt i Holmagard og hadde ikkje mange menn
Stilt så leika bylgjene ut ved holma strendin
 
Ser då kongens sendemann ut ved dei ytste båar
Mange skip med stripne segl og innafjord dei roar
Skjott så samlast kongens menn for ufred ikkje dølgjast kan
Kongen spør kven råd kan gjev fly eller verta slegne?
 
Svara det inni kongens hird Han Torolv Sterke Skolmsson
Niding stor det er å fly for urettvise valdsmenn
Kongen veit at me har vunnet over overmakti før
svara då den heile hird: «Me vil gå med kongen!»
 
Tok då alle brynjer på og kongen sverdet Kvernbit
Fylka dei seg skjold i skjold under Håkons merke
Då åtakfolket på dei kom Dei var eit tal som seks mot ein
I hjelm og sverd på soli skein Som havet sine bylgjer
 
I brodden av dei åtaksmenn fór viking Øyvind Skrøya
Med åtakfolket gjekk han hardt Til nid mot Håkons merke
Ropa høgt han Øyvind «Eg Nordmannkongen finna vil!»
Gleivjer(?) han seg, er han redd? Kven kan seia til ham?
 
Kom det over kongens menn ein voldsom kraftig styrke
I harme full sprang kongen sjølv Frammanføre merke
Sa «Hald du fram som du gjer, um du
Nordmann kongen finna vil!»
Svinga Håkon kvernbit i, Toralv sverdet Fimreid
 
Striden vart då veldig kvass med mannefalli store
Håkon og hans menn dei [var] råast Striden avgjorde
Øyvind bær(?) sørgfrei(?) for sverdet kvernbit
lagt i vollen ned
Kom det frykt i åtakfolket, flydde ut or landet
 

 

Translations of "Håkon den gode"
English #1, #2
Harald Foss: Top 3
Collections with "Håkon den gode"
Comments