Advertisements

Wardruna - Andvevarljod

Norwegian
A A

Andvevarljod

(Vendum, vendum)
 
Or vordehaugen
Drog eg ordi
Leita songar
Upp or jordi
Dreiv på vindar
Vakre viser
Lagnadsviser
Baud meg vitje
Baud meg sjå
Min eigen tråd
I Nornespå
 
Rend er veven
Med ørlogstrådar
Ramme rim
Magnar banda
Kvervelvindar
Hapti hugar
Liv og lagnad
Ordi avlar
 
Såg du din fyrste dag
Drog fyrste andedrag
Der omkring stod nornar ni
Vinda vevja, vind til liv
 
Låg du der i favn åt mor
Knytta i ei navlesnor
Bytte den med ættarband
Liv og lagnad, i det spann
 
Møyer steig på ættarhaug
Dansa yver alv og draug
Vinden leiker, i møyer dreg
Vinden som vil fylgje deg
 
Nornar nie steig fram
Vov og bandt lagnad
 
For min unge, eg gåver baud
Så ingen vov med ilske naud
Ved stokk ved stein ved trolletein
Spinn ei lagnad utan mein
 
Nornar nie, høyr meg
Vord min veg
Før med lindrande hender
I lækjande fotspor
 
Andar inn, tankar svinn
Andar ut, reidsle rinn
Kvart eit drag, viljen veks
Hjarte sler, vidt eg ser
 
(Vind i hått)
Kom vind i hått
(Vind i hugen)
Kom vind i hug
 
(I mitt mot)
Vilje som veks
(I min vilje)
I temjande vers
(Slepp det fri)
Kveikjer ein storm
(Lar det fara)
Den kveler sott og sorg
 
(Eg vert heil)
Du vert heil
(Eg er heil)
Du er heil
 
Eg vert heil
Eg er heil
 
(Vendum, vendum)
 
No hev Nornar
Vevd si vise
Songen stillnar
Vinden med
Gåver gjevne
Til den som lytta
Her eg stende
I heilagt vé
Gamalt minne
Lemnar meg
 
Lemnar meg
Lemnar meg
 
Thanks!
thanked 3 times
Submitted by NaestumHollurNaestumHollur on Tue, 22/12/2020 - 15:25
Submitter's comments:

"Vendum, vendum" is repeated often throughout in the background; for readability's sake, I included it in the beginning of the translation, but not elsewhere.

 

Translations of "Andvevarljod"
Wardruna: Top 3
Collections with "Andvevarljod"
Please help to translate "Andvevarljod"
Comments
Read about music throughout history