Reclame

Norwegian Worship Songs - Å, Nåde Underfull Og Stor

Noors
Noors
A A

Å, Nåde Underfull Og Stor

Å nåde underfull og stor,
som fann meg i mi synd!
So arm eg var, men ved Guds ord,
eg ser som før var blind.
 
Guds nåde tok den angsten bort
som synda hadde skapt.
Kor det var sælt, kor det var stort
for meg som var fortapt!
 
Eg gløymer ei den første gong,
då eg fekk venda om.
Då braut han fram, den nye song,
då eg til trua kom.
 
Igjennom farer gjekk min veg.
Gud fridde meg frå deim.
Det nåden var som berga meg,
og vil meg bera heim.
 
Om tusen år der frå oss renn,
i lovsong sæl og still,
me like mange år har enn
som då vår song tok til!
 
Bedankt!
Toegevoegd door SaintMarkSaintMark op Ma, 26/03/2018 - 02:43
Laatst bewerkt door SaintMarkSaintMark op Vrij, 17/08/2018 - 17:39
Submitter's comments:

Tekst: , 1779;, 1966.
Tone: Tid­leg amer­i­kansk mel­o­di frå Vir­gin­ia Har­mo­ny.
----------------------------------
norwegian version of "Amazing Grace" by John Newton

 

Norwegian Worship Songs: Top 3
Reacties
Read about music throughout history