Rosja prowadzi haniebną wojnę z Ukrainą.     Bądź z Ukrainą!
  • Når eg døyr

Podziel się
Rozmiar czcionki
Oryginalne teksty (piosenek)

Når eg døyr tekst

I framandt land ligg i pine, ligg i blod
I framandt land
Med død i hand
Møtte blikket før eg gav han død i hand
Hugsar ikkje kva eg sa men eg drap ein mann
 
Det var vi to
Vi delte alt i liv og død
Det var vi to
Du var min bror
Fekk aldri sagt eg elska deg du var min bror
No skal vi vandre same veg min kjære bror
 
Kva er eg verd?
Eit rive flagg på blodig mark
Kva er eg verd?
Mi siste ferd
Eg ante ikkje kor ho bar mi siste ferd
No vil eg endelig få svar mi siste ferd
 
Men når eg døyr
Når eg vel er slått i hel når eg døyr
Kven vil gråta for mi sjel når eg døyr?
 
Eg hadde alt
No har eg ingenting igjen
Eg hadde alt
Det var før eg fall
Før eg sveik min beste venn før eg fall
Der i djupet vil eg brenne for eg har fall
 
Men når eg døyr
Når dei legg ned mine bein når eg døyr
Kva vil dei skriva på min stein når eg døyr?
 
Mine siste ord
Er dei eg kviskra utan skam
Mine siste ord
Vår herre stor
Vil du ta meg godt imot vår herre stor
Eg fikk aldri gjort mi bot snart blir eg jord
 
Når eg døyr
Når du ser alt eg har gjort når eg døyr
Vil du opne himmelporten når eg døyr?
Så når eg døyr
Kven vil opne opp si grind når eg døyr?
Vær så snill, slepp meg inn
Når eg døyr
 

 

Tłumaczenia utworu „Når eg døyr”
Komentarze